Tare - havets grønnsak, salt og krydder

Det er fleire gode grunnar til at du bør ha tare som del av ditt faste kosthald:

God kjelde til jod

Makroalger som tare er ein av dei beste kjeldene til jod, eit sporstoff som er livsnødvendig for oss mennesker. Jod kan ikkje produserast i menneskekroppen og må difor tilførast med kosten. Makroalger som tare og matvarer laga av tare er gode kjelder til jod og ein del andre andre helsefremmende stoffer (antioksidanter og fiber).Dei ulike taretypane har eit veldig varierande jodinnhald, og ein bør difor ikkje innta i altfor store mengder, og ikkje kvar dag. 

"Havets grønnsak"

Spesielt i Asia omtalar ein ofte tare som "havets grønnsak". Akkurat som grønnsakene på landjorda, inneheld tare dei same vitaminene som ein finn grønnsaker frå landjorda. I tillegg inneheld tare vitamin B12, som er viktig for vegetarianarar som ikkje får dette gjennom kosten. Tare inneheld også store mengder jern i tillegg til selen.

Tare bør difor vere ein del av et sunt plantebasert kosthald!

-Sjå Produkt


For inspirasjon - sjå våre oppskrifter