Dyrking av tare - bærekraftig mat

Seaweedfromnorway_tareproduksjon.JPG

Hausting av tare er ein stor industri, spesielt i Asia, men også her i Norge er tråling etter stortare blitt stor industri. 

Utfordringa med denne aktiviteten er å gjere bærekraftige uttak av tarevegetasjonen. Langs kysten vår skaper tang og tare høgproduktive undervannsskoger som nyttar og bind betydelege mengder karbondioksid og næringssalter gjennom si raske vekst.

Tang og tare har difor ein viktig økologisk funksjon i å skape rom for eit rikt biologisk mangfald, og er både husly og matfat for krepsdyr, yngel og fisk. 

Vestlandskysten - veleigna for oppdrett

Seaweed of Norway har difor satsa på oppdrett av tare. Dvs. vi har kontroll på prosessen heilt frå spore til ferdig pakka tareprodukt for sal til hotell- og restaurantmarknaden.

Les meir om Prosessen.